Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 47, 2023
Utseende
EM i friidrett 2010, den 20. i rekka, vart arrangert på olympiastadion i Barcelona i tida 27. juli–1. august 2010. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner.
Christophe Lemaitre frå Frankrike vart forgrunnsfigur i meisterskapen. Han vart europameister på 100 m og 200, og var ankermann på Frankrike sitt vinnarlag på 4x100 m stafett. Mo Farah, som representerte Storbritannia, vann både 5000 m og 10 000 m. Også Tatjana Firova frå Russland vann to gullmedaljar; 400 m og 4x400 m stafett. Spydkastaren Andreas Thorkildsen vart europameister og tok den einaste medaljen for Noreg. Margrethe Renstrøm sette norsk rekord i lengdehopp under kvalifiseringa, med 6,68 meter. Les meir …