Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 41, 2011
Tingvoll kommune er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Sidan kommunerevisjonen i 1965 har Tingvoll kommune vore mesta identisk med Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden, Halsafjorden, Trongfjorden og Freifjorden. Garden Tingvoll har gjeve namn til halvøya, kommunen og kommunesenteret Tingvoll, og ligg sentralt plassert midt på halvøya. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.
Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møter kvarandre. Les meir …