Hoppa till innehållet

Mall:Skandinavisk artikel

Från Wikipedia
Dinosaurar var dei dominerande landlevane vertebratane i mykje av mesozoikum.

Mesozoikum eller jorda si mellomtid er ein av tre geologiske æraer i eonet fanerozoikum. Mesozoikum ligg mellom paleozoikum og kenozoikum og tyder «mellomdyra», frå den greske forstavinga meso-/μεσο- for «mellom» og zoon/ζωον som tyder «dyr» eller «levande vesen». Han vert ofte kalla «Krypdyra sin tidsalder», etter dinosaurane som dominerte dyrelivet i æraen.

Kontinenta i mesozoikum dreiv sakte frå kvarandre etter å ha vore samla i saman og nærma seg den noverande konfigurasjonen. Kontinentaldrifta førte til artsdanning og andre viktige evolusjonsmessige utviklingslinjer. Klimaet var særleg varmt gjennom perioden og spelte ei viktig rolle for evolusjonen og mangfaldet til nye dyreartar. Mot slutten av æraen var i praksis det moderne dyrelivet på plass. Les meir …